onsdag, januar 28, 2009

Det 6.bilde i album 6

Tar imot utfordringen fra seascape og har funne fram til det sjette bilde i album nr.6. Det viste seg å vera lilja Landini. Nydeleg mork lilje. Denne blei kjøpt hos Bakker i 2007. Kjenner no at det begynner å krible i bestillingsfingeren igjen. Fryktelig synd at Roseexperten ikkje selger roser i år. Ihvertfall sender han ikkje. Fekk mange fine roser derfra ifjor...og året før der og.
Syns det er godt å kjenne at hageinteressen i meg likevel ikkje er død.Sånn kjentes det nemlig ut i fjor høst. Blei plutselig drittlei heile hagen. Fekk ikkje eingong satt ned alle løkane mine.MEN...eg skal få dei i jord no eg.....snart. Må spa opp eit nytt bed først.Tenkte å lage eit rundt rosebed iår med ein obelisk i midten med rosa Constance spry og Austinroser rundt.Ja.... viss Constance leve då. Ho har tilbragt vinteren i potte på terassen. Brutalt og hensynsløst forlatt ein gong i fjor høst.Men til mitt forsvar skal seiast at ho ikkje har vore aleine då. Har hatt selskap av både Veilchenblau og Pink the fairy. Jada. Har ikkje vore og sjekka tilstanden deires enno.
Ellers blir det Grieghallen på oss i april i år og. Minsteguten på 13 år var med på UKM og gjekk vidare til fylkesmønstringa i bergen som i fjor. Kjekt. Kjempestolt av han! Kan kombinere turen med rosekjøp og då. Har høyrt mykje skryt av hagesenteret på Fantoft, men har aldri vore der.Det må absolutt gjerast noko med.