mandag, september 15, 2008

Høst i hagen

Tok ein liten fotorunde i hagen idag i flott høstvær. Heldigvis er det fortsatt blomstring i hagen, ikkje minst av remonterende roser.Fleire av rosene er prega av litt svartflekk no, men det må ein rekne med på denne tida. Det har i det heile vore ein flott rosesommar iår, samanlikna med ifjor då det meste regna vekk. Eit trist syn når rosebuskane sto ribba uten eit blad pga.svartsoppen. Denne rosa Chrystal palace,er fantastisk vakker og dufter nydelig. Det er ei klaserose som blir ca.60cm. høg.

Denne rosa er merka `Grace` Kan det stemme då. Den skal då vitterlig vera gul?Dufter svakt.

Bella Renaissance lyser virkelig opp der ho står. Denne har strekt seg ca. halvannen meter i sommar. Nydelig.


Ein annan høstblomst som gir farge og solskinn i beddet er Kokardeblomsten


Disse bildene tok eg og idag.




Bildet nr.1 er høstfloks, nr.2 er Delphinium `black knight`, nr. 3 Duehode, nr.4 skulle eg gjerne hatt navn på og nr.5 er Astrantia major. Trur det er `lars`

Ønsker alle som kikker innom ein strålande høst. :)

torsdag, september 11, 2008

Playing with picasa

 
Posted by Picasa


 
Posted by Picasa


Dette var jo litt gøy då. :)

tirsdag, september 09, 2008

Sommeren -08

Sommaren er over, men fortsatt er det ein del som blomstrer i hagen.Ikkje minst roser som eg er svært glad og treng mange fleir av. :)Dei 20 rosene eg kjøpte fra Roseexperten i vår, har trivst og blomstra alle som ein.Westerland, Sekel og Ghislaine de Feligonde har utmerka seg i så måte.Her skulle det då vore bilde av disse flotte rosene, men det er eg visst ikkje i stand til å finne no.Får gå igjennom bildene ein dag og systematisere dei litt.Aloha er ei anna flott rose.
Her står ho saman med Cimsifuga racemosa `brunette`
Fleire hagebilder frå i sommer:





mandag, september 08, 2008

Hageblogg

No her eg gjort det....oppretta blogg. Bakgrunnen for det er at dagbøkene på hagegal opphører. Sjølv om eg nok har vore blandt dei minst aktive der,ønsker eg å ha ein plass med mulighet for å notere ned saker og ting som skjer på hagefronten hos meg. Sniker seg kanskje inn litt anna og innimellom, men i hovedsak skal dette vera ei hagegreie.

søndag, september 07, 2008

Ferie

ons jul 16, 2008 0:49
[ Humør: søvnig ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Lite skriving på meg her, men har ikkje hatt den heilt store hagegløden den siste måneden.Kom liksom ikkje heilt igang igjen etter lang sjukmelding. Nå er det ferie, og i neste veke reiser vi til Tjøme for å besøke ein kjær onkel. Då skal eg ihvertfall innom Rom hagemiljø i Tønsberg Antagelig tar me ein svipptur til Sverige derifrå.Ellers blir det tur til Sogndal og Voss. Me har lyst til å ta turen `Norway in a nutshell`Er visst ein fantastisk flott tur.
Håper på å ta ei økt ute i morgon. Må passe på å gjødsle no i dette regnværet.

Liljedille

søn mar 30, 2008 0:30
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Idag har eg fått liljene i hus frå den eksklusive fellesimporten til jazz.. Løkane såg fine ut. Skal få dei i jord i morgon. Disse liljene bestillte eg:

Friso
Anastasia
African queen
Scheherazade

Eg fekk og mail ifrå Hyde &Son idag med beskjed om at dei hadde sendt liljeløkane denne veka. Måtte berre postgangen gå greitt. Disse liljene ventar eg på derifrå:

Dimention
Ebony
Geisha Girl
Elodie
Miss Lucy
Scheherazade
Boogie Woogie
Nymph

Bildelink ligg i forrige dagboknotat.Glemte at eg hadde bestillt Scheherazade herifrå då eg bestillte ifrå Eurobulb, men då har eg jo nokre løkar å bytte bort.Har og bestillt nokre liljer ifrå Bakker og Hageglede.
Ellers har eg gjort klar jordbærpyramiden.Vaska og beisa den. Planen er å lage til ein liten kjøkkenhageavdeling iår og plassere denne der sammen med nokre pallekarmer.Får tak i dei på Felleskjøpet her til 60kr. stk.

Diverse

søn jan 20, 2008 5:44
[ Humør: søvnig ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Lite hagerelatert å skrive om, så det blir litt lenge mellom innlegga.Men har fått frø frå lene i lillehammer og smg* og skal prøve meg på staudesådd for første gang iår. Tusen takk til dåke. Må berre få tak i noko jord først.Ja og så har eg jo sendt inn ei lita bestilling til hageglede....liljene Luxor og Centerfold + Heuchera `obsidian`.
Ellers sitte eg på jobb her no med "sand" i augene. Blei litt for lite søvn i dag pga. Ungdommens kulturmønstring eg måtte på med to av gutane som skulle delta.Men jammen gjekk ikkje 11 åringen vidare til fylkesfinalen i Bergen .Han spelar klassisk gitar sammen med ein kamerat.Så då blir det Grieghallen i april.
Pilkurset eg meldte meg på blei desverre avlyst. For få påmeldte.Får kjøpe ei bok kanskje og kurse meg på egen hånd.

Førjulssyssler

tor des 06, 2007 0:20
[ Humør: fornøyd ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Idag kom studentjento heim for eit par dagar...midt i eksamenslesing....berre for å vera med på litt juleforberedelser i heimen.Så idag blei det laga Negerboller og kakemenn, og i morgon er det pepperkaker/hus og sjakkruter som står for tur.Har deigane klar i kjøleskapet.Ganga negerbolleoppskrifta med 5, men veit av erfaring at det må lagast minst ein gong til før jul. Enkel og god konfekt. Har pynta inngangspartiet idag med granbar, lys, nissekone og lanterner. Blei riktig koselig syns eg.

Ønsker alle ei trivelig førjulstid.

Julemøte

tir des 04, 2007 1:24
[ Humør: fornøyd ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Var på koselig julemøte i hagelaget i kveld med grautservering, kaffi og kaker.Det var og juledekorasjonsdemonstrasjon.(skrives i to ord kanskje?? )Meldte meg på pilflettekurs som skal vera i januar og tur til Skjold til Drude Isene som skal halde kurset. Og i april blir det roseforedrag i Odda med Dag Lyngar.Gler meg. Har ikkje sendt bestilling til Roseexperten enda.Klarer ikkje heilt å bestemme meg for kva eg skal bestille. At det skal være så vanskelig å velge!

Ha ei god natt .

Advent og dagen derpå

lør des 01, 2007 23:26
[ Humør: søvnig ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]


Av ein eller annen grunn har ikkje formen vore heilt på topp i dag ,noko derimot julebordet i går definitivt var.God mat og drikke, ein morsom revy og bra dansemusikk etterpå. På alle måter ein vellukka kveld.
Idag har eg fått opp julegardiner og lagt på julevoksduken på kjøkkenet samt satt opp adventsstaken. Koselig med julepynta kjøkken når ein held på med baking og andre forberedelser i adventstida. No har eg lage deigen til Nordlandskaker som eg skal steike i morgon.Planen er å lage krumkakene og i morgon, dobbel porsjon, sidan eg skal lage til foreldra mine og.
Dessverre har eg nattevakt på julafta og den er heilt umulig å få bytta vekk.Ekstra dumt i år sidan eldsteguten med familie kjem heim.Einaste eg kan håpe på er at avd. er tom for pas. i jula og blir stengt. Men så er det sånn at jula er ei tung tid for mange og pågangen kan bli blir ekstra stor då. Men juledagane har eg fri.

Julegaver

tir nov 27, 2007 23:30
[ Humør: fornøyd ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere
Denne dagen har bare flydd avgårde. Har kost meg på arbeidrommet med toving og sying.Blir ikkje så mange sjølvproduserte julegaver i år som tidligere, men litt må eg lage. Holder på med dette bilde
og ein tova bukk som denne

Måtte avbryte jobbinga på grunn av frisørtime. Så da forsvant tre timer der,Julebord til fredag og det ser eg fram til. Er jammen ikkje ofte eg er ute på noko.
No skal eg sjå golden goal på Zebra og spise litt.

Familiehelg

søn nov 25, 2007 21:15
[ Humør: fornøyd ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Ei koselig helg har dette vore med feiring av 75-års dagen til mi mor. Fullt hus og stormende jubel. Ikkje alltid lett å samle heile familien, så heller ikkje denne gangen var me heilt fulltallige.Dattera på 21 skal ha eksamen på mandag, så ho måtte forståelig nok prioritere studiene denne helga.Men til jul blir me heldigvis samla her heile gjengen. julekassetten eg etterlyste på forumet i fjor er i hus, så no kan me sjå adventstida lyst i møte. Etter mykje leiting og telefonar fann me at nasjonalbiblioteket i Oslo hadde sikringseksemplar av kassetten.Eineste muligheten blei da å sette seg nattoget til Oslo , få kassetten kopiert, og ta ettermiddagstoget tilbake. Ein liten 14 timers togtur. I Oslo var dei først lite villige til å la oss kopiere kassetten , men eg trur dei etterkvart forstod den lange reise vår og alt bryet me hadde hatt. Høyrde eg ordet galskap??
På hagefronten er det lite å meddele, men har bestillt disse rosene hosJaksland roser:

Therese Bugnet
Abraham Darby
Morden centennial
Heritage
Leander
Golden Celebration
Eglantyne
Falstaff
Glamis Castle
Constanse spry
Charles Austin
Crown Princess Margareta
Crocus Rose.
Clair Renaissance
Ghislaine de Feligonde
Sekel
Westerland
Rosa nitida Dart's Defender
Stanwell perpetual
Penny lane

Gler meg til våren ja.

Alexander Fleming

søn sep 09, 2007 0:07
[ Humør: fornøyd ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


som oppdaget penicillinet i 1928 er min helt. Formen og humøret er stigende etter å ha vært heller labert de siste 14 dagene. Har til og med rydda og vaska litt i huset idag.Og det trengs.Trur ikkje det fins maken til rotete og støvete hus i Norges land. I kveld var eg ute og tok inn litt blomar. Får jo ikkje nyte synet av dei ute likevel i dette regnet.
Høstbukett1 Høstbukett2
Høstbukett 1 består bla.a. av navnløs høstfloks, rose The fairy, kvister av Acer `garnet`,Clematis `president`,Geranium navnløs, grein av Beinved `emerald gaiety`, rose Betty Harkness + litt anna ukjent.. Høstbukett 2 er: Mandarin rose, Tagetes `vanilla`,grein av Persicaria `red dragon\ ,Mary Rose, Acer `garnet`, Clematis `mrs. N. Thompsom`,grein av Cornus sibirica àlba`og ukjent rosa sak.Dufter fantastisk i stova her no.

13.dag....ikkje jul men

fre sep 07, 2007 17:03
[ Humør: drittlei ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


sjuk og drittlei. Igår tok eg til fornuft og kom meg til lege som konstaterte mycoplasma pneumoni.Satser på at antibiotikaen tar knekken på dette kjapt.
Onsdag heiv eg innpå paracet, trossa sjukdom og fekk planta ca. 40 stauder i ventebed.Fyllte i 10sekker med jord først.Var faktisk opplett mens eg holdt på,ellers så regner det stort sett kvar dag.Sendte ei lita tilleggsbestilling til
zimtrade idag på 3 liljer.
black beauty
Tigrinum salmon
Latvia
Ønsker meg lilja `Ove`, men den har eg ikkje funne enda.

Ønsker alle ei fine helg.

Bestilling fra Zimtrade

tor sep 06, 2007 0:22
[ Humør: nøytral ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


--------------------------------------------------------------------------------
Varenr. Produkt Ant.pr.pk Stk.pris Antall Sum
12112 Ballerina 20 99.00 1 99.00
60552 Maytime 12 83.00 1 83.00
5199 Tulipaner i sort og rosa 60 219.00 1 219.00
12802 Tulipan White Dream - TILBUD 60 219.00 1 219.00
76031 Lilje Martagon - hvit 1 129.00 1 129.00
76221 Lilje Regale 'Kongeliljen' 3 74.00 1 74.00
31001 Allium caeruleum Nyhet! 10 56.00 1 56.00
31023 Allium Atropurpureum 3 65.00 1 65.00
19011 Narcis Irene Copland Nyhet! 5 59.00 1 59.00
50090 Crocus Blue Bird 10 34.00 1 34.00
500150 Crocus Jeanne d´Arc

Fekk disse plantene fra Jensen idag. Flotte planter.

Aconitum pallasii
Campanula makaschvilii
campanula bernice
Echinacea green envy

Heuchera lime rickey
Heucherella `stoplight`
Ophiopogon planiscapus `nigrescens`
Papaver orientale `fruit punch`

Planteoppdatering og London

tor jul 19, 2007 1:59
[ Humør: nøytral ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere

Eg visste eg ikkje kom til å bli nokon påliteleg dagbokskrivar, så her kjem ei kort oppsummering over hagerelaterte gjeremål sidan forrige innlegg. Langsmed den nyoppsatte muren nederst i hagen har me planta ein blandingshekk av Amelanchier Alnifolia, Physocarpus `diabolo`,og `darts gold`og svartsurbær. På kortsidene fallt valget tilslutt på Liguster sidan me ville ha noko som var både vintergrønt og hurtigveksande.Det siste kravet fyller Liguster til fulle.På berre 3-4 veker er den blitt både høgare og fyldigare. itillegg er desse buskane/trærne planta: Cotinus cog. `Royal purple, Cornus variegata, Syrin `Mme Lemoine`,Cercidiphyllum `pendulum`,Malus Sargentii, Fagus Sylvatica `dawyck gold`,2 rips, 1 solbær og 1 stikkelsbær. Skulle ønske eg kunne tatt med Sambucus nigra `black lace`her, men ingen hagesenter eg har spurt har hatt den.Håpar eg får tak i den til neste år.Ja og så har jo mannfolket laga steintrapp i halvsirkel foran inngangspartiet. Halvsirkelramma blei lagt i gatestein og fyllt oppi med singel og mørtel. I mørtelen blei elvestein me hadde funne banka nedi. Blei riktig fint syns eg. Ein sti i hagen er og påbegynt. Veit ikkje enno om eg skal bruke singel eller lage steinsti.Det vil jo i tilfelle stå i stil med trappa. Håper å komme meg til Jondal i neste veke for å kjøpe stein. Skal lage opphøyde bed foran terassen og til rosehekk.Må ringe i morgon for å få pris.
Ellers er ferien no slutt. Har tilbrakt den heime bortsett frå ein 5 dagars tur til London. Kom heim på mandag til DET drittværet. Hadde fint vær alle dagane i London. Mykje å oppleva i den byen for både store og litt mindre store.Bla.a. var me i Thorpe park der alle bortsett frå meg tok denne og i Camden market. Et gedigent marked som egentlig er 5 marked vokst sammen til ett. Var og artig å oppleve Columbia flowermarket der ein virkelig kunne gjere eit kupp. Dette inngangspartiet gjekk me forbi på vei til markedet. I morgon håpar eg på tørrare vær. Plenen treng sin første klipp no.

Plenen

ons jun 13, 2007 1:00
[ Humør: søvnig ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere

er sådd, rosene er planta,(- Rose de resht+ et par til) ein svær obelisk (til Venusta pendula?) er under produksjon,hekkplantinga er påbegynt, to bed er ytterligere utvida og den nye husfargen er bestemt.(trur eg)Grå skifer og to staffasjefarger. Kvitt rundt vinduene og brunsort på karmene.Kjørte rundt i byggefelt og såg eit hus med disse fargene.Ringte på og fikk fargekodene. Dvs. mannfolket måtte gjer det. Enkelt og greitt.
Desse rosene blomstrer no:
Rhapsody in blue
Moje hammerberg
Mary rose
Ferdinand picard
Tuscany superb
Alexandra renaissance
Buff beauty
Doris tysterman
Aspirin
Mandarin
Aloha
Louise odier
Hansaland
Neste uke går turen til Ødegård plantesalg for å handle eindel busker og trær.Har aldri vore der før, men såg på nettsida at dei hadde eit utrulig utvalg der.Såg dei hadde roser og.

Småstein

tir jun 05, 2007 23:38
[ Humør: nøytral ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere
i uhorvelige mengder har me plukka no og er enda ikkje ferdig. I tillegg er det nokre digre beist rett under overflata.Me jobba med ein i halvanna time idag før den måtte bøye seg for overmakta og havna oppå bakken. Ein STOR tilfredstillelse. Ellers har eg utvida to bed. Greitt å gjere det før plenen blir sådd ,så slepp eg å grave vekk gresstorv.Rosene er ikkje komt i jorda enda stakkars. Men dei pynter fint opp på terassen då. Fleire står i blomst no.I skråningen blomstrer Moje hammerberg og alle de andre står med knopper.Lykkefunnen har vokst masse og breidd seg godt utover leveggen. Fy søren kor eg gler meg til alle rosene blomstrer..og dufter. Ei herlig tid me er inne no og berre tre veker til ferie.

fredag, september 05, 2008