torsdag, mai 21, 2009

Tok nokre bilder i hagen idag etter eg hadde gjødsla. Hadde for lite gjødsel, så fekk ikkje tatt alle rosene. Brukte rosegjødsel og helgjødsel. Brukte rhododendrongjødsel på nokre roser i forrige veke, men det var visst ikkje noko krise. Kunne berre gi dei litt kalksalpeter ved neste gjødsling.









Til helga blir det tur til Bergen og Fantoft hagesenter. Er på jakt etter Austinroser til det runde beddet eg held på med. Håper ikkje det blir bomtur. Har grådig lyst på eit Austinbed. Uansett blir det ei koselig helg med datter og lille prinsessa som er 2,5 mnd.Ho er jo berre sååå skjønn. :)