søndag, september 07, 2008

Planteoppdatering og London

tor jul 19, 2007 1:59
[ Humør: nøytral ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere

Eg visste eg ikkje kom til å bli nokon påliteleg dagbokskrivar, så her kjem ei kort oppsummering over hagerelaterte gjeremål sidan forrige innlegg. Langsmed den nyoppsatte muren nederst i hagen har me planta ein blandingshekk av Amelanchier Alnifolia, Physocarpus `diabolo`,og `darts gold`og svartsurbær. På kortsidene fallt valget tilslutt på Liguster sidan me ville ha noko som var både vintergrønt og hurtigveksande.Det siste kravet fyller Liguster til fulle.På berre 3-4 veker er den blitt både høgare og fyldigare. itillegg er desse buskane/trærne planta: Cotinus cog. `Royal purple, Cornus variegata, Syrin `Mme Lemoine`,Cercidiphyllum `pendulum`,Malus Sargentii, Fagus Sylvatica `dawyck gold`,2 rips, 1 solbær og 1 stikkelsbær. Skulle ønske eg kunne tatt med Sambucus nigra `black lace`her, men ingen hagesenter eg har spurt har hatt den.Håpar eg får tak i den til neste år.Ja og så har jo mannfolket laga steintrapp i halvsirkel foran inngangspartiet. Halvsirkelramma blei lagt i gatestein og fyllt oppi med singel og mørtel. I mørtelen blei elvestein me hadde funne banka nedi. Blei riktig fint syns eg. Ein sti i hagen er og påbegynt. Veit ikkje enno om eg skal bruke singel eller lage steinsti.Det vil jo i tilfelle stå i stil med trappa. Håper å komme meg til Jondal i neste veke for å kjøpe stein. Skal lage opphøyde bed foran terassen og til rosehekk.Må ringe i morgon for å få pris.
Ellers er ferien no slutt. Har tilbrakt den heime bortsett frå ein 5 dagars tur til London. Kom heim på mandag til DET drittværet. Hadde fint vær alle dagane i London. Mykje å oppleva i den byen for både store og litt mindre store.Bla.a. var me i Thorpe park der alle bortsett frå meg tok denne og i Camden market. Et gedigent marked som egentlig er 5 marked vokst sammen til ett. Var og artig å oppleve Columbia flowermarket der ein virkelig kunne gjere eit kupp. Dette inngangspartiet gjekk me forbi på vei til markedet. I morgon håpar eg på tørrare vær. Plenen treng sin første klipp no.

Ingen kommentarer: