lørdag, juli 04, 2009

Hagebilder,Trondheim og barnedåp

Dei siste par vekene har virkelig berre flydd avgårde, så hagen har mykje godt seilt sin egen sjø i det siste. Hagearbeidet har begrensa seg til vatning om kvelden. Desse steikvarme dagane innbyr meir til bading og avslapning enn fysisk aktivitet i hagen.Må heller ikkje gløyme å nyte hagen no når den er på sitt vakreste.
I midten av juni gjekk turen til Trondheim og landsmønstring i ungdommens kulturmønstring sammen med 13.årige Eirik som spelte gitar sammen med ein kamerat. Ei flott oppleving for alle Dei spelte i Olavshallen, Kafe Edgar på studentersamfundet og Vår frues kirke For gutane var den største opplevinga å spele i Olavshallen. Ei stor opleving for oss foreldre og, mens den koselegaste og mest intime konserten var i Vår frues kirke.Ein minnerik tur både gutar og foreldre kjem til å huske. Forrige søndag vart vårt andre barnebarn døypt i kirka her.Må sei eg var ikkje lite stolt den dagen heller. :) Ein flott dag, men kunne vore LITT mindre varmt berre.:)Legg inn nokre bilder ifrå hagen eg tok idag. Nyter å gå runden i hagen og berre kikke og lukte på rosene. Nokre er jo avblomstra no som bla.a Aicha og totenviksrosen. Klikkbare bilder.
Aicha Totenviksrosen
Sekel
Aspirin rose
Mary rose
Maidens blush
Schnewittchen
Iris germanica uten navn.

Lykkefund på leveggen.
Peon `bowl of beauty`
Westerland.
Morden centennial.

Aicha og parykkbusk.
John davis.
Swany.
Rosen Nuits de young sammen med Astrantia major(lars?) Cimsifuga `brunette`og hvitbroket kornell.
Katarina zeimet.

1 kommentar:

tinemor sa...

Heia
Tusen, tusen takk for de fine løkene.
Jeg har laget et lite innlegg om det i dag, og brukt bilde jeg fikk av deg og linket til din blogg. Håper det er ok....
Igjen, tusen takk!!
Klem