torsdag, juli 23, 2009

Liljer...ein favoritt i hagen.

Liljer er ein av mine absolutte favoritter i hagen. Høgreiste og vakre og mange med ein fantastisk duft.Ikkje er dei vanskelege å dyrke heller, men ein ting er viktig...GOD DRENERING.Løkane må ikkje stå i vatn og heller ikkje tørke ut.Ellers krev dei lite.Ønsker meg fleire liljer, så håper på stort utvalg til høsten. Klikkbare bilder.
Friso
Miss lucy Anastasia Boogie woogie Pink perfection African queen Elodie Pink twinkle Centerfold Tigerplay Cappuchino Sheherazade Citronella Ebony Lilium regale Navone Uten navn Landini Uen navn

søndag, juli 12, 2009

Utrolig blomsterrik lilje

Idag må eg berre vise bilde av lilja `netty`s pride, for makan til blomsterrikdom har eg aldri sett.Løkane blei kjøpt hos Eurobulb og planta 2007.Sprer seg godt gjer den og,så av dei ti planta løkane er det no eit uvisst antall. Til hausten må det flyttast og delast.Her er bilde av ein med 120-130 knoppar.Klikkbare bilder.

Og her er blomstringa begynt.Ei nydeleg lilje.


Leika meg litt i picasa med å lage ein kollasj. :)

mandag, juli 06, 2009

Hagebilder.

Bella renaissanse
Rose de resht muren og avblomstra duftskjærsmin.
Bilde tatt fra terassen. Liljen er Netty`s pride.
Ridderspore `black knight`

lørdag, juli 04, 2009

Hagebilder,Trondheim og barnedåp

Dei siste par vekene har virkelig berre flydd avgårde, så hagen har mykje godt seilt sin egen sjø i det siste. Hagearbeidet har begrensa seg til vatning om kvelden. Desse steikvarme dagane innbyr meir til bading og avslapning enn fysisk aktivitet i hagen.Må heller ikkje gløyme å nyte hagen no når den er på sitt vakreste.
I midten av juni gjekk turen til Trondheim og landsmønstring i ungdommens kulturmønstring sammen med 13.årige Eirik som spelte gitar sammen med ein kamerat. Ei flott oppleving for alle Dei spelte i Olavshallen, Kafe Edgar på studentersamfundet og Vår frues kirke For gutane var den største opplevinga å spele i Olavshallen. Ei stor opleving for oss foreldre og, mens den koselegaste og mest intime konserten var i Vår frues kirke.Ein minnerik tur både gutar og foreldre kjem til å huske. Forrige søndag vart vårt andre barnebarn døypt i kirka her.Må sei eg var ikkje lite stolt den dagen heller. :) Ein flott dag, men kunne vore LITT mindre varmt berre.:)Legg inn nokre bilder ifrå hagen eg tok idag. Nyter å gå runden i hagen og berre kikke og lukte på rosene. Nokre er jo avblomstra no som bla.a Aicha og totenviksrosen. Klikkbare bilder.
Aicha Totenviksrosen
Sekel
Aspirin rose
Mary rose
Maidens blush
Schnewittchen
Iris germanica uten navn.

Lykkefund på leveggen.
Peon `bowl of beauty`
Westerland.
Morden centennial.

Aicha og parykkbusk.
John davis.
Swany.
Rosen Nuits de young sammen med Astrantia major(lars?) Cimsifuga `brunette`og hvitbroket kornell.
Katarina zeimet.

torsdag, mai 21, 2009

Tok nokre bilder i hagen idag etter eg hadde gjødsla. Hadde for lite gjødsel, så fekk ikkje tatt alle rosene. Brukte rosegjødsel og helgjødsel. Brukte rhododendrongjødsel på nokre roser i forrige veke, men det var visst ikkje noko krise. Kunne berre gi dei litt kalksalpeter ved neste gjødsling.









Til helga blir det tur til Bergen og Fantoft hagesenter. Er på jakt etter Austinroser til det runde beddet eg held på med. Håper ikkje det blir bomtur. Har grådig lyst på eit Austinbed. Uansett blir det ei koselig helg med datter og lille prinsessa som er 2,5 mnd.Ho er jo berre sååå skjønn. :)

onsdag, januar 28, 2009

Det 6.bilde i album 6

Tar imot utfordringen fra seascape og har funne fram til det sjette bilde i album nr.6. Det viste seg å vera lilja Landini. Nydeleg mork lilje. Denne blei kjøpt hos Bakker i 2007. Kjenner no at det begynner å krible i bestillingsfingeren igjen. Fryktelig synd at Roseexperten ikkje selger roser i år. Ihvertfall sender han ikkje. Fekk mange fine roser derfra ifjor...og året før der og.
Syns det er godt å kjenne at hageinteressen i meg likevel ikkje er død.Sånn kjentes det nemlig ut i fjor høst. Blei plutselig drittlei heile hagen. Fekk ikkje eingong satt ned alle løkane mine.MEN...eg skal få dei i jord no eg.....snart. Må spa opp eit nytt bed først.Tenkte å lage eit rundt rosebed iår med ein obelisk i midten med rosa Constance spry og Austinroser rundt.Ja.... viss Constance leve då. Ho har tilbragt vinteren i potte på terassen. Brutalt og hensynsløst forlatt ein gong i fjor høst.Men til mitt forsvar skal seiast at ho ikkje har vore aleine då. Har hatt selskap av både Veilchenblau og Pink the fairy. Jada. Har ikkje vore og sjekka tilstanden deires enno.
Ellers blir det Grieghallen på oss i april i år og. Minsteguten på 13 år var med på UKM og gjekk vidare til fylkesmønstringa i bergen som i fjor. Kjekt. Kjempestolt av han! Kan kombinere turen med rosekjøp og då. Har høyrt mykje skryt av hagesenteret på Fantoft, men har aldri vore der.Det må absolutt gjerast noko med.