onsdag, januar 28, 2009

Det 6.bilde i album 6

Tar imot utfordringen fra seascape og har funne fram til det sjette bilde i album nr.6. Det viste seg å vera lilja Landini. Nydeleg mork lilje. Denne blei kjøpt hos Bakker i 2007. Kjenner no at det begynner å krible i bestillingsfingeren igjen. Fryktelig synd at Roseexperten ikkje selger roser i år. Ihvertfall sender han ikkje. Fekk mange fine roser derfra ifjor...og året før der og.
Syns det er godt å kjenne at hageinteressen i meg likevel ikkje er død.Sånn kjentes det nemlig ut i fjor høst. Blei plutselig drittlei heile hagen. Fekk ikkje eingong satt ned alle løkane mine.MEN...eg skal få dei i jord no eg.....snart. Må spa opp eit nytt bed først.Tenkte å lage eit rundt rosebed iår med ein obelisk i midten med rosa Constance spry og Austinroser rundt.Ja.... viss Constance leve då. Ho har tilbragt vinteren i potte på terassen. Brutalt og hensynsløst forlatt ein gong i fjor høst.Men til mitt forsvar skal seiast at ho ikkje har vore aleine då. Har hatt selskap av både Veilchenblau og Pink the fairy. Jada. Har ikkje vore og sjekka tilstanden deires enno.
Ellers blir det Grieghallen på oss i april i år og. Minsteguten på 13 år var med på UKM og gjekk vidare til fylkesmønstringa i bergen som i fjor. Kjekt. Kjempestolt av han! Kan kombinere turen med rosekjøp og då. Har høyrt mykje skryt av hagesenteret på Fantoft, men har aldri vore der.Det må absolutt gjerast noko med.

mandag, september 15, 2008

Høst i hagen

Tok ein liten fotorunde i hagen idag i flott høstvær. Heldigvis er det fortsatt blomstring i hagen, ikkje minst av remonterende roser.Fleire av rosene er prega av litt svartflekk no, men det må ein rekne med på denne tida. Det har i det heile vore ein flott rosesommar iår, samanlikna med ifjor då det meste regna vekk. Eit trist syn når rosebuskane sto ribba uten eit blad pga.svartsoppen. Denne rosa Chrystal palace,er fantastisk vakker og dufter nydelig. Det er ei klaserose som blir ca.60cm. høg.

Denne rosa er merka `Grace` Kan det stemme då. Den skal då vitterlig vera gul?Dufter svakt.

Bella Renaissance lyser virkelig opp der ho står. Denne har strekt seg ca. halvannen meter i sommar. Nydelig.


Ein annan høstblomst som gir farge og solskinn i beddet er Kokardeblomsten


Disse bildene tok eg og idag.




Bildet nr.1 er høstfloks, nr.2 er Delphinium `black knight`, nr. 3 Duehode, nr.4 skulle eg gjerne hatt navn på og nr.5 er Astrantia major. Trur det er `lars`

Ønsker alle som kikker innom ein strålande høst. :)

torsdag, september 11, 2008

Playing with picasa

 
Posted by Picasa


 
Posted by Picasa


Dette var jo litt gøy då. :)

tirsdag, september 09, 2008

Sommeren -08

Sommaren er over, men fortsatt er det ein del som blomstrer i hagen.Ikkje minst roser som eg er svært glad og treng mange fleir av. :)Dei 20 rosene eg kjøpte fra Roseexperten i vår, har trivst og blomstra alle som ein.Westerland, Sekel og Ghislaine de Feligonde har utmerka seg i så måte.Her skulle det då vore bilde av disse flotte rosene, men det er eg visst ikkje i stand til å finne no.Får gå igjennom bildene ein dag og systematisere dei litt.Aloha er ei anna flott rose.
Her står ho saman med Cimsifuga racemosa `brunette`
Fleire hagebilder frå i sommer:





mandag, september 08, 2008

Hageblogg

No her eg gjort det....oppretta blogg. Bakgrunnen for det er at dagbøkene på hagegal opphører. Sjølv om eg nok har vore blandt dei minst aktive der,ønsker eg å ha ein plass med mulighet for å notere ned saker og ting som skjer på hagefronten hos meg. Sniker seg kanskje inn litt anna og innimellom, men i hovedsak skal dette vera ei hagegreie.

søndag, september 07, 2008

Ferie

ons jul 16, 2008 0:49
[ Humør: søvnig ]
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Lite skriving på meg her, men har ikkje hatt den heilt store hagegløden den siste måneden.Kom liksom ikkje heilt igang igjen etter lang sjukmelding. Nå er det ferie, og i neste veke reiser vi til Tjøme for å besøke ein kjær onkel. Då skal eg ihvertfall innom Rom hagemiljø i Tønsberg Antagelig tar me ein svipptur til Sverige derifrå.Ellers blir det tur til Sogndal og Voss. Me har lyst til å ta turen `Norway in a nutshell`Er visst ein fantastisk flott tur.
Håper på å ta ei økt ute i morgon. Må passe på å gjødsle no i dette regnværet.

Liljedille

søn mar 30, 2008 0:30
[ Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukere


Idag har eg fått liljene i hus frå den eksklusive fellesimporten til jazz.. Løkane såg fine ut. Skal få dei i jord i morgon. Disse liljene bestillte eg:

Friso
Anastasia
African queen
Scheherazade

Eg fekk og mail ifrå Hyde &Son idag med beskjed om at dei hadde sendt liljeløkane denne veka. Måtte berre postgangen gå greitt. Disse liljene ventar eg på derifrå:

Dimention
Ebony
Geisha Girl
Elodie
Miss Lucy
Scheherazade
Boogie Woogie
Nymph

Bildelink ligg i forrige dagboknotat.Glemte at eg hadde bestillt Scheherazade herifrå då eg bestillte ifrå Eurobulb, men då har eg jo nokre løkar å bytte bort.Har og bestillt nokre liljer ifrå Bakker og Hageglede.
Ellers har eg gjort klar jordbærpyramiden.Vaska og beisa den. Planen er å lage til ein liten kjøkkenhageavdeling iår og plassere denne der sammen med nokre pallekarmer.Får tak i dei på Felleskjøpet her til 60kr. stk.